§ 14-3. Karakterutskrift

(1) Vidareutdanning, studieprogram av mindre omfang, emne, ikkje fullført grad eller yrkesutdanning blir dokumentert ved karakterutskrift frå Vitnemålsportalen eller Studentweb.

(2) Alle karakterutskrifter frå Høgskulen på Vestlandet skal innehalde opplysningar om:

  1. personalia.
  2. emne som er tekne ved Høgskulen på Vestlandet.
  3. emnekode, namn på emne, studiepoeng, karakter og karakterfordeling per emne og kva semester eksamen er avlagt.
  4. karaktersystemet.

(3) Elev i vidaregåande opplæring kan studere ved Høgskulen på Vestlandet. Eleven får studiepoeng når emnet er fullført og vedkomande tilfredsstiller opptakskrava til høgare utdanning, jf. universitets- og høyskoleloven § 8-1 og § 8-2. Dersom eksamensforma er vesentleg annleis enn eksamen for ordinære studentar, skal dette gå fram av karakterutskrifta, jf. universitets- og høyskoleloven § 11-12.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10