(1) Studentar som er tatt opp til studieprogram med tre års normert studietid eller kortare, kan få permisjon frå studiet utan dokumentert grunn i inntil to semester.
(2) Studentar som er tekne opp til studieprogram med fire års normert studietid eller lengre, kan få permisjon frå studiet utan dokumentert grunn i inntil fire semester.
(3) Permisjon utan dokumentert grunn blir ikkje innvilga første semester etter opptak. Permisjonstida kjem ikkje i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf. § 4-3.
(4) For studieprogram med opptak av berre eitt kull, uregelmessig opptak, eller opptak anna kvart år kan permisjonstida forlengast til når det er mogleg for studenten å ta opp igjen studiet. Dette med atterhald om at studiet framleis blir tilbydd.
(5) Emnestudentar, studentar på forkurs, realfagskurs og studium kortare enn eitt år, kan ikkje søke om permisjon.
(6) Søknad om permisjon utan dokumentert grunn kan bli avslått på grunnlag av at forlenging av studieretten vil føre til senking av dei faglege krava til studiet. Kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse i læringsutbyttet som går fram av studie- og emneplan kan ikkje falle bort, jf. § 7-2 (2).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.