(1) Obligatoriske læringsaktivitetar er alle krav som er sett som vilkår for å ha rett til å ta eksamen eller få framstille seg til sluttvurdering i praksisstudium. For praksisstudium gjeld eigne vilkår, sjå kapittel 10. Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert til godkjent / ikkje godkjent og resultatet er ikkje del av karaktergrunnlaget i emnet.
(2) Obligatoriske læringsaktivitetar blir fastsett i emneplanen.
(3) Dersom ikkje emneplanen presiserer noko anna, er godkjende obligatoriske læringsaktivitetar gyldig utan tidsavgrensing.
(4) Emneansvarleg fastset frist for når obligatoriske læringsaktivitetar skal vere fullført. Så langt det lar seg gjere, skal fristen vere slik at studenten har høve til å gjennomføre eit nytt forsøk på ikkje godkjente obligatoriske læringsaktivitetar, før godkjende og ikkje godkjende obligatoriske læringsaktivitetar skal registrerast for semesteret. Studenten har rett på grunngjeving av ikkje godkjente obligatoriske læringsaktivitetar. For obligatorisk deltaking i undervisning gjeld eigne vilkår, sjå § 8-5.
(5) Emneansvarleg er ansvarleg for å registrere godkjende og ikkje godkjende obligatoriske læringsaktivitetar seinast to veker før eksamen tek til. I emne som avsluttar undervisninga tett opp til eksamen skal obligatoriske læringsaktivitetar vere registrerte éin dag etter siste undervisningsdag. Alle obligatoriske læringsaktivitetar skal vere godkjende før eksamensdagen, før datoen for siste innlevering av skriftleg arbeid eller før sluttvurdering.
Endra ved forskrift 10 aug 2026 nr. 1624.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.