§ 8-6. Undervisningsspråk

(1) Undervisningsspråket ved Høgskulen på Vestlandet er norsk. Det kan gjerast unntak dersom det ligg føre faglege grunnar, jf. universitets- og høyskoleloven § 2-3 tredje ledd. Unntak kan vere varige, til dømes der dei faglege grunnane knyter seg til innhaldet i faget. Dette kan vere at studiet inneber opplæring i framandspråk eller primært rettar seg mot internasjonale studentar. Unntak kan også vere mellombelse, til dømes dersom det ikkje er tilgang på norskspråklege undervisarar med den naudsynte fagkompetansen.

(2) Dersom faglege grunnar tilseier det, kan dekan fastsetje at undervisningsspråket i heile eller delar av eit emne skal vere engelsk eller eit anna skandinavisk språk enn norsk. Dersom undervisningsspråket ikkje er norsk, skal det informerast om det så tidleg som mogeleg.

Endra ved forskrift 10 aug 2026 nr. 1624 (tidlegare § 8-5).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10