§ 3-2. Studierett

(1) Studierett er å vere tatt opp som student ved ei utdanning eller eit emne, og ha status som student.

(2) Studentar som er tatt opp ved Fagskulen Vestland har studierett på den utdanninga eller det emnet, og ved den studiestaden, som opptaket gjeld.

(3) Studierett gir studenten rett til å følge og delta i undervisning, medrekna plikt til å gjennomføre obligatoriske læringsaktivitetar, i samsvar med emneplanen.

(4) Studierett gir studenten rett til å bli vurdert i samsvar med studieplanen.

(5) Studierett gir studenten rett til å få tilgang til fagskulen sine ressursar, for eksempel lokale, lesesalar, datamaskiner osv., i samsvar med emneplanen og fagskulen sine reglement.

(6) Ved opptak blir studenten tildelt studierett med ei varigheit lik normert studietid for utdanninga eller emnet hen er tatt opp til. For utdanningar med eitt til tre års varigheit, kan studieretten etter avtale maksimalt vere gyldig i eitt år utover normert studietid. Avgrensinga i studieretten gjeld ikkje for innvilga permisjon, vedtak om tilrettelagd studieløp, gyldig fråvær ved obligatoriske læringsaktivitetar og vurdering, samt vedtak om bortvising og utestenging.

(7) Ved overgang eller opptak til ny utdanning ved fagskulen vil som hovudregel den eksisterande studieretten opphevast.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-03-07-529
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b6904af271cf31dcdd8fdd3893789b6d483734f3a264ace891444c3374bf57d1
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01