(1) Følgande blir rekna som gyldig fråvær:
(2) Gyldig fråvær på grunn av sjukdom eller liknande skal dokumenterast med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig. Attesten skal vere utforma i tråd med helsepersonelloven § 15. Attesten må dokumentere at studenten av helsemessige årsaker som nemnt i bokstav a eller b ikkje kunne gjennomføre den obligatoriske læringsaktiviteten eller vurderinga, og spesifisere kva dagar fråværet gjeld. Ved dødsfall, gravferd eller liknande må studenten oppgi kven som har gått bort og kva for relasjon studenten hadde til avdøde. Studentar som viser til andre forhold som gyldig fråvær må dokumentere desse på eigna måte.
(3) Dokumentasjon for gyldig fråvær skal leverast så snart som mogleg, og seinast to veker etter at den obligatoriske læringsaktiviteten eller vurderinga blei avslutta. For praksisperiodar skal dokumentasjon leverast straks.
(4) Dersom studenten har levert inn den obligatoriske læringsaktiviteten eller vurderinga, kan det ikkje registrerast gyldig fråvær i ettertid.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.