§ 6-15. Teljande vurderingsforsøk

(1) Studenten bruker eit vurderingsforsøk dersom hen

  1. gjennomfører vurdering, uavhengig av resultatet
  2. ikkje møter til vurdering
  3. ikkje leverer / avbryt vurdering
  4. trekker seg etter fristen
  5. ikkje dokumenterer gyldig fråvær innan fristen, eller
  6. får vurderinga annullert etter fagskoleloven § 24.

Studenten blir likevel ikkje rekna for å ha brukt eit vurderingsforsøk dersom studenten ikkje oppfyller vilkåra for vurdering, jf. § 6-4 første ledd.

(2) Studentar med gyldig fråvær brukar ikkje eit vurderingsforsøk, jf. § 4-4 siste ledd.

(3) Fristen for å trekke seg frå vurdering er to veker før vurderinga startar. Denne fristen gjeld også for studentar som har meldt seg opp til kontinuasjonsvurdering eller ny ordinær vurdering i eit emne. For utfyllande reglar om kontinuasjonsvurdering, sjå § 6-17.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-03-07-529
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b6904af271cf31dcdd8fdd3893789b6d483734f3a264ace891444c3374bf57d1
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01