§ 6-3. Vurderingsform

(1) Ved Fagskulen Vestland skal studentane sine kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse bli prøvd og vurdert på ein upartisk og fagleg forsvarleg måte, jf. fagskoleloven § 21 første ledd. Prøving og vurdering av studentane skal gjennomførast slik at fagskulen, på eit mest mogleg sikkert grunnlag, kan vurdere i kva grad studentane har nådd læringsutbyttet for utdanninga eller emnet. Fagskulen avgjer kva vurderingsformer som skal brukast for å sikre dette.

(2) Fagskulen kan bestemme at ei vurderingsform skal brukast aleine eller i kombinasjon med andre vurderingsformer. Det skal gå fram av emneplanen kva vurderingsform eit emne har.

(3) Ei vurdering som består av fleire vurderingsdelar er ikkje bestått før alle vurderingsdelane er bestått. Vekta av kvar vurderingsdel skal gå fram av emneplanen som ein brøk eller prosentandel av den samla karakteren.

(4) Dersom ein eller fleire vurderingsdelar, og dermed endeleg karakter, ikkje er bestått, må studenten normalt ta alle vurderingsdelar på nytt ved eit eventuelt nytt vurderingsforsøk.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-03-07-529
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b6904af271cf31dcdd8fdd3893789b6d483734f3a264ace891444c3374bf57d1
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01