§ 11-3. Unntak frå kravet om fullføring på normert tid

Låntakaren kan få sletta gjeld etter § 11-2 første eller andre ledd sjølv om utdanninga ikkje blei gjennomført på normert tid, dersom årsaka til at låntakaren brukte lengre tid var

  1. funksjonshemming i studiesituasjonen, jf. § 9-3 andre ledd i forskrift om tildeling av utdanningsstøtte
  2. at låntakaren har fått barn i utdanningsperioden
  3. at låntakaren blei forseinka på grunn av sjukdom
  4. at låntakaren samtidig hadde tillitsverv på fulltid i minst tre månader i strekk i ein landsomfattande studentorganisasjon, eller i tilknyting til ein utdanningsinstitusjon eller ein studentsamskipnad.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2019-12-17-1872
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
4947375fa1d82ba03ecab6c9a4f1198c301b8e91054e13492f0f589145ef284f
Rendererversjon
8
I kraft
2020-01-01
Siste endring i kraft
2020-05-29