§ 13-1. Rett til sletting av gjeld for låntakarar som får uføretrygd

Ein låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og får uføretrygd eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan ha rett til å få sletta gjelda heilt eller delvis dersom person- og kapitalinntekta i 2020 er 476 580 kroner eller lågare. Kravet til varig nedsett inntektsevne er berre 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd.

Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor.

Tabell for 2020 over inntektsgrenser, ny gjeld og nytt terminbeløp etter sletting av gjeld

Person- og kapitalinntekt per årNy gjeldNytt terminbeløp
kr 0-330 520kr 0kr 0
kr 330 521–366 926kr 66 798kr 713 kr
366 927–402 194kr 77 900kr 856 kr
402 195–439 412kr 89 163kr 1 009
kr 439 413–476 580kr 100 265kr 1 150

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med 15 561 kroner per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Inntekt som er registrert på barna til låntakaren, blir ikkje rekna med.

Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.

Lånekassen hentar inn opplysningar om person- og kapitalinntekt frå skatteetaten.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2019-12-17-1872
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
4947375fa1d82ba03ecab6c9a4f1198c301b8e91054e13492f0f589145ef284f
Rendererversjon
8
I kraft
2020-01-01
Siste endring i kraft
2020-05-29