§ 9-3. Vilkår for å bli rekna som yrkesaktiv

Som yrkesaktiv i oppteningsperioden reknar ein den som gjennom oppteningsperioden

  1. hadde arbeid tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid
  2. hadde fulltidsarbeid i minst seks månader og var registrert som arbeidssøkjar til fulltidsarbeid i resten av perioden
  3. hadde omsorg for barn født i 2010 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien
  4. hadde studiepermisjon med lønn eller stipend tilsvarande minst 50 prosent av full stilling, dersom lønna blei betalt av ein arbeidsgivar i Finnmark eller i ein av dei utvalde kommunane i Nord-Troms
  5. var tilsett i transportsektoren, på skip, på oljeleitingsfartøy eller på faste installasjonar på kontinentalsokkelen og samtidig blei rekna som busett etter § 9-5
  6. hadde arbeid som lege i ein av dei utvalde kommunane nemnde i § 9-1 andre ledd.

Den tida ein låntakar er sjukmeld, blir rekna med i oppteningsperioden.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2019-12-17-1872
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
4947375fa1d82ba03ecab6c9a4f1198c301b8e91054e13492f0f589145ef284f
Rendererversjon
8
I kraft
2020-01-01
Siste endring i kraft
2020-05-29