§ 5-7. Gjeld som ikkje blir permanent overført til Statens innkrevjingssentral

Gjelda blir ikkje permanent overført til Statens innkrevjingssentral dersom eit av desse vilkåra er til stades:

  1. Låntakaren har ei frivillig eller tvungen betalingsordning.
  2. Låntakaren har betalt inn eit beløp tilsvarande minst seks terminbeløp dei siste tolv månadene.
  3. Låntakaren sannsynleggjer at den noverande situasjonen gir rett til betalingsutsetjing, sletting av renter eller sletting av gjeld.
  4. Det finst særlege grunnar til ikkje å overføre gjelda.

Krav om unntak må vere grunngitt og sett fram innan den fristen som er oppgitt i varselet om permanent overføring av gjelda til Statens innkrevjingssentral. Krav om unntak som kjem etter at gjelda er permanent overført, blir ikkje behandla.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2020-12-17-3022
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
0cbf6594d2e01147a520260e0a192757df231c5d9c2f31e83342e5fc73b03cc7
Rendererversjon
8
I kraft
2021-01-01
Siste endring i kraft
2021-06-23