§ 8-4. Andre sosiale og økonomiske vilkår

Ein låntakar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år under grensene i § 8-2 medan han eller ho oppfylte eit av krava i bokstavane a–g, har rett til å få sletta renter for heile eller delar av den aktuelle perioden. For rett til å få sletta renter etter bokstav c, d, f eller g, må samla hushaldsinntekt i tillegg ha vore under grensene i § 8-3.

  1. Sjukdom eller arbeidsløyse

Låntakaren var sjuk, registrert arbeidslaus eller mottakar av arbeidsavklaringspengar. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande.

  1. Førstegongsteneste og utdanning i Forsvaret

Låntakaren avtente førstegongsteneste i Noreg eller eit anna EØS-land, eller var elev ved ein militær skole. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande.

  1. Fødsel eller adopsjon

Låntakaren fekk barn og hadde omsorga for barnet etter fødselen. Låntakaren får sletta renter i opp til tolv månader frå fødselen. Låntakarar som adopterte barn under ti år, får sletta renter etter dei same reglane i opp til tolv månader frå adopsjonsdatoen.

  1. Omsorgsarbeid

Låntakaren hadde over tre månader i strekk omsorg for nokon i den nærmaste familien. Dette gjeld uføre, menneske med nedsett funksjonsevne og eldre med stort pleiebehov.

  1. *Økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven*

Låntakaren hadde i over tre månader i strekk ikkje anna inntekt enn økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven § 18. I slike tilfelle kan renter bli sletta for opp til 36 månader til saman.

  1. Fulltidsarbeid med låg brutto inntekt

Låntakaren hadde i minst tolv månader i strekk fulltidsarbeid og samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2021 er 17 414 kr, for 2020 17 039 kr, for 2019 16 447 kr og for 2018 15 929 kr. Låntakaren kan få sletta renter for opp til 36 månader til saman. Frivillig ulønt arbeid gir ikkje rett til sletting av renter.

  1. Soning

Låntakaren sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst tolv månader i strekk og hadde samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2021 er 17 414 kr, for 2020 17 039 kr, for 2019 16 447 kr og for 2018 15 929 kr.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2020-12-17-3022
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
0cbf6594d2e01147a520260e0a192757df231c5d9c2f31e83342e5fc73b03cc7
Rendererversjon
8
I kraft
2021-01-01
Siste endring i kraft
2021-06-23