§ 36. Krav til eiga inntekt

Ein låntakar som har hatt ei brutto person- og kapitalinntekt per år som er under ei grense i tabellen nedanfor, kan få sletta rentene for så mange månader som er knytte til inntektsgrensa i tabellen, dersom minst eitt av vilkåra i § 38 eller § 39 var oppfylt desse månadene.

Tal på månader med rett til sletting av renterBrutto person- og kapitalinntekt per år
2023202420252026
1384 921 kr403 782 kr421 952 kr438 830 kr
2378 566 kr397 116 kr414 986 kr431 585 kr
3372 209 kr390 447 kr408 017 kr424 338 kr
4365 850 kr383 777 kr401 047 kr417 089 kr
5359 494 kr377 109 kr394 079 kr409 842 kr
6353 135 kr370 439 kr387 109 kr402 593 kr
7346 780 kr363 772 kr380 142 kr395 348 kr
8340 423 kr357 104 kr373 174 kr388 101 kr
9334 064 kr350 433 kr366 202 kr380 850 kr
10327 707 kr343 765 kr359 234 kr373 603 kr
11321 348 kr337 094 kr352 263 kr366 354 kr
12314 993 kr330 428 kr345 297 kr359 109 kr

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2026 blir inntektsgrensa heva med 19 458 kr for kvart barn. For 2025 blir inntektsgrensa heva med 18 710 kr for kvart barn. For 2024 blir inntektsgrensa heva med 17 904 kr for kvart barn. For 2023 blir inntektsgrensa heva med 17 068 kr for kvart barn.

Avkasting av formuen til barn av låntakaren dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren, blir ikkje rekna med.

Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2022-12-15-2259
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ccefdf786825a9b656372dcb892d8f662bc47ed62ab072736e3d2941f1be5d0b
Rendererversjon
8
I kraft
2023-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01