§ 44a. Sletting av gjeld for låntakarar i utvalde distriktskommunar

Låntakarar kan få sletta inntil 25 000 kr per år av lånesummen ved avslutta utdanning dersom dei har vore busette i ein kommune i sone 5 og 6 i sentralitetsindeksen til SSB i ein oppteningsperiode på 12 månader. Låntakaren skal i tillegg ha vore yrkesaktive i same perioden. Berre gjeld som er knytt til utdanning som er teken kan slettast. Gjeld som er urettmessig motteken skal ikkje slettast, jf. § 76 første ledd.

Oppteningsperioden startar tidlegast frå og med 1. januar 2025.

Opptening og sletting etter denne føresegna kan ikkje kombinerast med opptening og sletting av gjeld etter § 43, § 44 eller § 50.

Tilføyd ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2022-12-15-2259
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ccefdf786825a9b656372dcb892d8f662bc47ed62ab072736e3d2941f1be5d0b
Rendererversjon
8
I kraft
2023-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01