Som yrkesaktiv i oppteningsperioden reknar ein den som gjennom oppteningsperioden
hadde arbeid tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid
hadde fulltidsarbeid i minst 6 månader og var registrert som arbeidssøkjar til fulltidsarbeid i resten av perioden
hadde omsorg for barn født i 2016 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien
hadde studiepermisjon med lønn eller stipend tilsvarande minst 50 prosent av full stilling. Sletting av gjeld etter § 43 og § 50 føreset at lønna blei betalt av ein arbeidsgivar i Finnmark og Nord-Troms.
var tilsett i transportsektoren, på skip, på oljeleitingsfartøy eller på faste installasjonar på kontinentalsokkelen og samtidig blei rekna som busett etter § 48
arbeidde frå heimekontor uavhengig av den geografiske plasseringa av arbeidsgivar si verksemd.
Den tida ein låntakar er sjukmeld, blir rekna med i oppteningsperioden.
I særlege tilfelle kan låntakarar som i ei kort tid har hatt arbeid ein annan stad under opptening av rett til sletting av gjeld etter § 43 og § 50, bli rekna som yrkesaktive.
Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.