§ 62. Unntak frå kravet om fullføring på normert tid
Låntakaren kan få sletta gjeld etter § 61 første eller andre ledd sjølv om utdanninga ikkje blei gjennomført på normert tid, dersom årsaka til at låntakaren brukte lengre tid var
at låntakaren har nedsett funksjonsevne, og var funksjonshemma i studiesituasjonen fordi læringsmiljøet eller studiesituasjonen ved lærestaden ikkje var tilpassa låntakarens nedsette funksjonsevne
at låntakaren har fått barn i utdanningsperioden
at låntakaren blei forseinka på grunn av sjukdom
at låntakaren samtidig hadde tillitsverv på fulltid i minst 3 månader i strekk i ein landsomfattande studentorganisasjon, eller i tilknyting til ein utdanningsinstitusjon eller ein studentsamskipnad.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.