§ 3. Det økonomiske ansvaret til samanslutninga

Samanslutninga sitt ansvar for å dekkje utgifter trer i kraft frå det tidspunktet departementet bestemmer, og er avgrensa til dei økonomiske pliktene som følgjer av denne forskrifta.

Samanslutninga sitt ansvar for å dekkje utgifter etter akvakulturloven § 13a er avgrensa til utgifter som følgjer av tiltak pålagde av styresmaktene etter denne forskrifta og dei tiltaka som samanslutninga sjølv vedtek å setje i verk. Denne forskrifta gir ikkje private partar rett til å få erstatta andre kostnader, inntektstap eller liknande enn dei som følgjer av vedtak gjort av samanslutninga.

Samanslutninga skal dekkje utgifter til å gjennomføre planar om tiltak etter § 2 første ledd.

Samanslutninga skal i rimeleg omfang dekkje utgifter som Fiskeridirektoratet har hatt for å fastslå kven som eig den rømte oppdrettsfisken.

Samanslutninga skal dekkje utgifter Fiskeridirektoratet har til tiltak i dei høva ein ikkje med overvekt av sannsyn kan identifisere kjeldene til den rømte fisken. Dette gjeld i sjø og alle elver, uavhengig av kva for elver som blir dekt av styresmaktene sine overvakingsprogram.

Endra ved forskrift 7 sep 2020 nr. 1961.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2015-02-05-89
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
3b8e1a071d651b2c6469bb023c77b9ab954c522cc5758ca4e5c3329a1b5128fe
Rendererversjon
8
I kraft
2015-02-05
Siste endring i kraft
2023-02-28