Styret har til saman fem representantar med personlege varamedlemmer. Styremedlemmene tenestegjer i to år. Val av medlemmer til styret skjer slik:
tre representantar blir valde av og frå havbruksnæringa
to representantar blir peika ut av Nærings- og fiskeridepartementet.
Det skal kallast inn til ekstraordinært årsmøte for å behandle spesielle saker når styret eller minst ein firedel av deltakarane krev det. Innkallinga skjer med minst ei vekes varsel.
Styret skal årleg leggje fram for departementet ein rapport om verksemda til samanslutninga, medrekna
separat rekneskap for kontoen som også fortel korleis dei innkravde midlane og renter bokførte på kontoen er fordelte
ei kort framstilling av verksemda til samanslutninga
korleis avgifta er utrekna og fastsette.
Rapporten skal vere offentleg tilgjengeleg.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.