Vedtak om brigde i vedtekta for laget kan berre lagsmøtet gjera. Til vedtaket trengst minst 2/3 av dei røystene som er gjevne. Dei som har røysta, må vera målsmenn for minst 2/3 av alle røystene i laget. Elles lyt vedtaket gjerast opp att med minst 3/4 fleirtal på eit nytt lagsmøte, men då gjeld det.
Går vedtaket ut på å utvida verksemda, kan dei lagsmennene som ikkje har røysta for vedtaket, seia opp trygdingane sine innan 4 veker utan oppseiingsfrist.
Vedtektbrigde tek ikkje til å gjelda før dei er godkjende av Trygderådet.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.