Dei premiane som trengst til lagsutgiftene, skal liknast ut på dei innskrivne pengesummene i forskot og med frå % til % for året. Styret fastset premiane innanfor desse grensene.
Skulle inntektene i rekneskapsbolken verta for lite til ansvaret og utgiftene åt trygdelaget, endå om det vert nytta reservefondspengar etter § 15, skal det svarast ein etterskotspremi som vert utlikna i høve til forskotspremien. Men etterskotspremien skal aldri verte meir enn % av forskotspremien.
Har trygdelaget ikkje nok pengar til alle krav og utgifter i rekneskapsbolken, skal det som vantar, liknast ut – med same prosent – på alle skadar som lagsfolk har hatt og meldt i den tidsbolken.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.