Rein frå Jotunheimen/Rein fra Jotunheimen.
Kontaktutvalget for Tamreinlagene i Sør-Norge.
Rein frå Jotunheimen/Rein fra Jotunheimen er kjøt av tamrein (Rangifer tarandus tarandus) som har gått på naturbeite i fjellområda i Jotunheimen og Filefjell.
Nemninga Rein frå Jotunheimen/Rein fra Jotunheimen omfattar ferske og fryste skrottar, naturlege stykningsdelar og kjøttsorteringer av kalv, simle og bukk av tamrein. Meir enn 50 % av dyra som slaktast skal vera kalv. Minimum slaktevekt på kalv skal vera 20 kg.
Beiteområdet for tamrein som omfattast av nemninga Rein frå Jotunheimen/Rein fra Jotunheimen er avgrensa til Jotunheimen og Filefjell i tråd med vedlagte kart.
Tamreinen kalvar ute på beite i slutten av april og litt ut i mai. Storleiken på tamreinflokkane skal tilpassast beiteområda slik at beitet ikkje blir beita ned.
Tamreinen skal gjetast og flyttast på for heile tida å søkje dei områda der beiteforholda er best. Tamreinen forflyttar seg sjølv til dei ulike sesongbeitene. Det skal ikkje nyttast bil for transport mellom beiteområda.
All tilvekst skal skje ved naturleg fôropptak. Kraftfôr eller anna tilleggsfôr, kunstige tilsetningsstoff eller vekstfremmande næring skal ikkje nyttast.
Slakting skal skje ein til to gonger årleg, på hausten og om vinteren, og skal gjennomførast i fjellet i tilknyting til beiteområdet.
Det skal drivast eit systematisk avlsarbeid med registrering og veging av kalvane for å sikre optimal flokksamansetning og eit godt framtidig vekstgrunnlag med høge kalvevektar.
Rein frå Jotunheimen/Rein fra Jotunheimen kan merkast med teksten og figurmerket for Beskytta geografisk nemning/Beskyttet geografisk betegnelse.
Forskrifta blir sett i verk straks.
Blant samane i Skandinavia kan tradisjonen med tamreindrift førast attende til 14-1500-talet, truleg endå lengre. I Jotunheimen og Filefjell har tamreindrifta røter attende til 1780-talet. Ca. 1860 vart tamreindrifta over heile Langfjella utradert på grunn av for mykje ulv, men kom med hjelp av samar i gang igjen i 1880-åra. Samtidig skjedde det ein overgang frå intensiv til ekstensiv reindrift, med overgang frå mjølkeproduksjon med få dyr til kjøtproduksjon med langt større flokkar.
Sommarbeitet i Jotunheimen og Filefjell ligg gjennomgåande i høgfjellet og er spesielt godt. Høgdeforskjellar frå 1000 meter til 2000 meter, med størstedelen mellom 1000 og 1600 meter, gjer det mogleg for reinen å beite på nygroe og godt beitegrunnlag til godt ut i september. Reinen beiter seg oppover ettersom snøen smeltar, og tek alltid det graset, urtene og blada som er nyast og ferskast, og som er mest næringsrikt. Dette gir høge slaktevekter og god kvalitet på reinkjøtet. Å gjete tamreinflokkane er også viktig for å utnytte beiteressursane.
Medlemmane i tamreinlaga har opparbeid seg høg kompetanse om tamreindrift, noko som visar seg i høgt og stabilt slakteuttak og høg kalvetilvekst.
Alle beiteområder:
Vår-, sommer- og høstbeite:
Vinterbeite:
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.