Innehavar av løyve skal syte for at det vert utarbeidd driftsplan for havbeiteverksemda.
Kvart år innan 1. oktober skal innehavar av løyve levere inn driftsplan til Fiskeridirektoratet. Planen skal gjere greie for drifta dei to neste kalenderåra.
Driftsplanen for det fyrste året skal godkjennast av Fiskeridirektoratet etter samråd med Mattilsynet.
Av planen må minimum gå fram:
opphav til dyr og kor mange dyr som skal setjast ut, tidspunkt for utsett, kva for ein lokalitet eller lokalitetar eller delar av lokalitet det skal setjast ut på,
eventuelle nye delområde av den godkjende lokaliteten som skal takast i bruk det neste året,
planlagt tidspunkt, metodar og omfang av gjenfangst av havbeitedyr,
planlagde tiltak i samband med sjukdomsutbrot, til dømes brakklegging av lokaliteten,
planlagt bruk av eventuelle anlegg og innretningar, og eventuelt vedlikehald av desse,
planlagde tiltak i samband med predatorkontroll, og
eventuelle planar om fôring og andre tiltak etter særskilt søknad jf. § 10.
Fiskeridirektoratet kan etter søknad godkjenne vesentlege endringar i planen.
Endra ved forskrifter 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008), 28 feb 2023 nr. 270.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.