§ 3. Definisjonar

I denne forskrifta meiner ein med:

  1. Akvakultur: Produksjon av akvatiske organismar. Produksjon omfattar eit kvart tiltak for å påverke vekta, storleiken, talet, eigenskapane eller kvaliteten til akvatiske organismar.
  2. Auka dødstal: Dødstal som er signifikant høgare enn det ein vurderer som normalt for havbeitelokaliteten under rådande forhold. Kva ein vurderer som auka dødstal avgjeras i samarbeid mellom oppdrettar og Mattilsynet.
  3. Havbeite: Akvakultur av krepsdyr, blautdyr og pigghuder i form av botnkultur utan at dyra vert haldne i fangenskap.
  4. Hausting: Systematisk gjenfangst av eit utsett havbeitedyr. Fjerning av dyr i samband med prøveuttak, kontroll, røkting o.a. er ikkje å sjå på som hausting.
  5. Lokalitet: Eit geografisk avgrensa område nærare fastsett i løyvet, der innehavar av løyvet har eksklusiv rett til utsett og gjenfangst av den utsette arten.

Endra ved forskrift 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2003-08-28-1110
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
0a824f6fb67d48aaa90b0fa2c693f87b8506266d742f03832ab1a1641553389f
Rendererversjon
8
I kraft
2003-08-28
Siste endring i kraft
2024-03-13