Den prosjektspesifikke konsekvensutgreiinga skal tilpassast omfanget på energianlegget, og utarbeidast i tråd med fastsett utgreiingsprogram. Den skal innehalde ein omtale av eventuelle tidlegare konsekvensutgreiingar for prosjektområdet.
For energiprosjekt som også skal konsekvensutgreiast etter energilova, kan det utarbeidast felles konsekvensutgreiing.
Konsekvensutgreiinga etter fyrste ledd skal gjere greie for energianlegget, og skal minst omhandle:
I konsekvensutgreiinga etter fyrste ledd skal det gjevast ei spesifisert skildring av og vurdering av verknaden energianlegget kan ha for miljø og samfunn, som minst skal omhandle:
Konsekvensutgreiinga skal innehalde ei skildring av noverande miljøtilstand og eit oversyn over korleis miljøet truleg vil utvikle seg dersom planen ikkje vert gjennomført.
Skildringa skal omfatte positive, negative, direkte og indirekte verknadar på kort og lang sikt. Samla verknadar av anlegget i lys av allereie gjennomførte, vedtekne eller godkjende planar i influensområdet skal vurderast.
Dersom planen eller søknaden omfattar fleire alternative løysingar, skal det gjerast greie for konsekvensar desse vil kunne ha for miljø og samfunn, og ei grunngjeving for forslagsstillar sitt alternativ.
Konsekvensutgreiinga skal ta utgangspunkt i relevant og tilgjengeleg informasjon. Dersom det manglar kunnskap om viktige tilhøve, skal slik informasjon hentast inn. Der det vert innhenta ny kunnskap, skal denne systematiserast i samsvar med føreliggjande standardar og gjerast tilgjengeleg for myndigheitene.
Utgreiingar og feltundersøkingar skal følgje anerkjent metodikk og utførast av personar med relevant fagleg kompetanse. Det skal kort gjerast greie for datagrunnlaget og metodane som er nytta for å skildre verknadar, og eventuelle faglege eller tekniske problem ved innsamling og bruk av data og metodar. Konsekvensutreiinga skal gjere greie for kunnskapsmanglar og tilhøve det er uvisse om.
Konsekvensutgreiinga skal skildre tiltak som er planlagde for å redusere vesentlege negative miljøverknadar. Skildringa skal omfatte planlagd miljøovervaking.
Departementet kan krevje ytterlegare utgreiingar og informasjon.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.