§ 14. Utbetaling

Tilskotet blir utbetalt når prosjektet er ferdig, rapportering gjennomført og oppmoding om utbetaling er sendt inn.

For tilsegn under 100 000 kroner held det med ein eigenerklæring frå dagleg leiar eller styreleiar. For tilsegn over 100 000 kroner må prosjektrekneskapet bli stadfesta av autorisert rekneskapsførar som er habil.

Er tilskotet avgjerande for at prosjektet blir gjennomført og kostnadene blir dokumenterte undervegs, kan delar av tilskotet bli betalt ut tidlegare. Som dokumenterte kostnader reknar ein faktura, betalingskvittering og naudsynt attestasjon.

Dei siste 25 prosentane av tilskotsbeløpet skal først betalast ut etter at prosjektet er gjennomført.

Investeringstilskotet er skattefritt for butikkar som ligg innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.

Endra ved forskrift 13 des 2024 nr. 3077 (i kraft 1 jan 2025).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-11-21-2989
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
3d43af5e7216f27343f0d496cae3b86e5ea6bb9e0c77a21542a3392fe28344b6
Rendererversjon
8
I kraft
2025-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01