§ 23. Reglar for tildeling og utrekning

Desse kriteria skal vere oppfylte:

  1. Anlegget skal vere avgjerande for å sikre lokalbefolkninga tilgang på drivstoff.
  2. Salsvolumet kan ikkje overstige 500 000 liter drivstoff kvart år. Anlegg som omset under 300 000 liter blir prioritert.

Drivstoffanlegg som ikkje er knytte til ein Merkur-butikk, skal i tillegg

  1. ha ein avstand på minimum 20 kilometer til næraste drivstoffanlegg eller vere lokalisert på stader utan fast vegsamband eller er einaste drivstoffanlegg på ei øy.

Maksimalt støttebeløp er 800 000 kroner eksklusiv meirverdiavgift kvart år. Investeringsstøtta til drivstoffanlegg kan dekkje inntil 50 prosent av investeringsbehovet.

Investeringsstøtta til drivstoffanlegg skal gå til opprusting av eksisterande anlegg. Ordninga kan òg yte støtte til etablering av nye drivstoffanlegg i tilknyting til daglegvarebutikkar. Anlegg som ligg på stadar der avstandane til næraste drivstofftilbod er lange, skal prioriterast. Ein kan søkje om støtte til investeringar i både stasjonære og mobile drivstoffanlegg.

Endra ved forskrift 8 des 2025 nr. 2432 (i kraft 1 jan 2026).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-11-21-2989
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
3d43af5e7216f27343f0d496cae3b86e5ea6bb9e0c77a21542a3392fe28344b6
Rendererversjon
8
I kraft
2025-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01