§ 10. Innsyn i graderte dokument

Ved krav om innsyn i dokument som inneheld materiale som er påført gradering etter sikkerhetsloven eller beskyttelsesinstruksen, skal spørsmål om avgradering leggjast fram for den som har oppretta dokumentet, for avgjerd i samsvar med virksomhetsikkerhetsforskriften § 33 eller beskyttelsesinstruksen § 5. Organet som mottek innsynskravet, kan likevel avslå eit krav om innsyn, utan at spørsmålet om avgradering fyrst har vore lagt fram etter fyrste punktum, dersom

  1. det uavhengig av graderinga ikkje skal givast innsyn i dokumentet, eller
  2. det uavhengig av graderinga kan gjerast unntak frå innsyn i dokumentet, og organet som mottek innsynskravet, finn at meirinnsyn ikkje skal givast.

Finn det forvaltningsorganet som mottek kravet, grunn til å tru at det ikkje kan gjerast unntak frå innsyn etter offentleglova, eller at ei gradering elles ikkje kan oppretthaldast, skal det følgje prosedyren for omgradering som er fastsett i virksomhetsikkerhetsforskriften § 30 til § 32 eller i beskyttelsesinstruksen § 5.

Endra ved forskrift 8 jan 2021 nr. 369.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2008-10-17-1119
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
93c8559b3c1762d82ff8fdd450d1c766b130df55d77a2e174928d02a0fe43909
Rendererversjon
8
I kraft
2009-01-01
Siste endring i kraft
2022-12-09