Organ som er omfatta av offentleglova, kan gjere dokument tilgjengelege for ålmenta på Internett.
Følgjande skal ikkje gjerast tilgjengeleg på Internett:
opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov
opplysningar som det kan gjerast unntak frå innsyn for etter § 9 i forskrifta her
opplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10
fødselsnummer, personnummer og nummer med tilsvarande funksjon
opplysningar om lønn og godtgjering til fysiske personar, med unntak for opplysningar om lønn og godtgjering til personar i leiande stillingar i det offentlege og i leiande stillingar eller i styret i sjølvstendige rettssubjekt
materiale som ein tredjepart har immaterielle rettar til, med unntak for slikt materiale som er nemnd i § 5 fyrste ledd andre punktum og for materiale der rettshavaren samtykkjer til at materialet blir gjort tilgjengeleg.
Organ som gjer dokument tilgjengeleg for ålmenta på Internett, skal opplyse kva for kriterium som ligg til grunn for utvalet av dokument.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.