§ 12-7. Krav for å bli tilsett i lærarstilling i fellesfag på alle utdanningsprogram, og i programfag på studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa

Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling i fellesfag på alle utdanningsprogram, og i programfag på studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa oppfyller eitt av desse krava:

  1. Dei har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
  2. Dei har faglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
  3. Dei har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01