§ 13-4. Behandling av søknader om vidaregåande opplæring for vaksne

Fylkeskommunen skal fortløpande behandle søknader om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne og gjennomføre realkompetansevurdering for vaksne. Fylkeskommunen kan ikkje ha ventelister og skal innan rimeleg tid gi søkjarane eit tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne.

Fylkeskommunen skal ta inn søkjarar i denne rekkjefølgja:

  1. dei som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 18-3 og § 18-6
  2. dei som har rett til yrkesfagleg rekvalifisering etter opplæringslova § 18-4
  3. dei som har rett til påbygging til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 18-7.

Dersom fylkeskommunen skal ta inn søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring, skal dei takast inn etter søkjarane i andre ledd.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01