§ 15-26. Vitnemål i førebuande opplæring for vaksne

Alle deltakarar skal få vitnemål når dei har fullført førebuande opplæring for vaksne.

Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse i avsluttande modular. Vitnemålet skal ikkje innehalde modulkarakterar.

Krava til vitnemål er sluttvurdering i faga norsk eller norsk for språklege minoritetar, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag.

Vaksne privatistar kan berre få vitnemål dersom dei får karakteren 2 eller betre i faga dei tar som privatist.

Vaksne deltakarar som har norsk teiknspråk eller samisk som førstespråk, kan få standpunktkarakterar i førstespråket førte på vitnemålet i tillegg til eller i staden for karakterar i norsk.

Kommunen skal utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til vaksne deltakarar som har hatt opplæring i eller på samisk, og privatistar som har tatt eksamen i eller på samisk, og til dei som ber om det.

Vaksne deltakarar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få ført ein merknad om dette på vitnemålet dersom dei ønskjer det.

Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01