§ 15-3. Karakterar i fag og modular

Reglane om karakterar i fag i § 9-3 gjeld for vaksne deltakarar og for karakterar i modular så langt dei passar.

Departementet kan likevel fastsetje i læreplanen i eit fag eller ein modul at uttrykka «godkjend» og «ikkje godkjend» eller «låg måloppnåing», «middels måloppnåing» og «høg måloppnåing» skal brukast. Uttrykka skal vise til desse gradane av ferdigheit hos dei vaksne deltakarane:

  1. godkjend: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget eller modulen
  2. ikkje godkjend: svært låg kompetanse i faget eller modulen
  3. låg måloppnåing: låg eller svært låg kompetanse i faget eller modulen
  4. middels måloppnåing: nokså god eller god kompetanse i faget eller modulen
  5. høg måloppnåing: mykje god eller framifrå kompetanse i faget eller modulen.

I realkompetansevurderinga skal ein berre bruke uttrykka «godkjend» eller «ikkje godkjend». Det gjeld både godkjenning av heile faget eller modulen og godkjenning av delar av faget eller modulen. I fag eller modular som etter tilbodsstrukturen normalt har opplæring i bedrift, skal godkjend realkompetanse reknast som tilfredsstillande eller god kompetanse. I andre fag eller modular skal godkjend realkompetanse reknast som tilsvarande karakteren 2 eller betre.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01