Reglane om undervegsvurdering i fag i § 9-11 første og andre ledd gjeld for undervegsvurdering i fag eller modular for vaksne deltakarar.
Undervegsvurderinga skal brukast til å vurdere om dei vaksne deltakarane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 19-5. Deltakarar i førebuande opplæring for vaksne med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 19-5 og § 11-10.
Vaksne deltakarar har rett til minst éin samtale i halvåret om den faglege utviklinga si.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.