§ 16-4. Klage på fastsetjing av modulkarakter

Vaksne deltakarar i førebuande opplæring for vaksne kan klage på korleis ein modulkarakter er fastsett. Statsforvaltaren er klageinstans.

Dersom kommunen ikkje gjer nytt vedtak, skal kommunen saman med klaga sende ei grunngiving frå den som har sett modulkarakteren for korleis karakteren er fastsett, og ei fråsegn om saksbehandlinga, til klageinstansen.

Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste modulkarakteren eller oppheve modulkarakteren.

Dersom statsforvaltaren opphevar modulkarakteren, skal kommunen sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett endeleg karakter. Statsforvaltaren skal ha kopi av det nye vedtaket.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01