§ 19-8. Fritak frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver

Skolen kan gi fritak frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver til elevar som

  1. får individuelt tilrettelagd opplæring, jf. opplæringslova § 11-6 og § 11-7
  2. får særskild språkopplæring, jf. opplæringslova § 3-6 og § 6-5
  3. går på internasjonal eller utanlandsk skole og får opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller ein annan, jamgod plan.

Skal skolen gi fritak til ein elev, må det vere klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven.

Eleven sjølv eller foreldra kan avgjere at eleven skal ta prøvene sjølv om skolen ønskjer å frita eleven.

Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal ta prøvene.

Departementet kan fastsetje nærare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.

Utdanningsdirektoratet kan bruke opplysningar etter denne paragrafen som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01