I organiseringa av retten til gratis skolefritidsordning etter opplæringslova § 4-5 andre ledd, kan kommunen ikkje rekne om dei tolv timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.
Retten til gratis skolefritidsordning etter opplæringslova § 4-5 andre ledd gjeld også dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane.
Kommunen skal gi foreldra tilbod om å fordele dei tolv timane på alle dagane kommunen til vanleg har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg. Dette gjeld ikkje ved tilbod om skolefritidsordning i skoleferiane.
Kommunen kan krevje betaling for kost.
Endra ved forskrift 20 mars 2026 nr. 443 (i kraft 1 aug 2026).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.