§ 23-7. Overgangsordning for deltakarar i forsøk med førebuande vaksenopplæring og modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne

Dei som er deltakarar på modul 4 i forsøk med førebuande vaksenopplæring før 31. juli 2024, kan få opplæring og vurdering etter læreplanar brukt i forsøket til og med 31. desember 2024. Dette gjeld berre dersom kommunen har fått innvilga søknad om forlenging av forsøket. Siste frist for å avleggje eksamen etter desse læreplanane er også 31. desember 2024.

Deltakarar i forsøk med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne som har fått godkjend alle modular, men ikkje avlagt fag- eller sveineprøva eller kunnskapstest i byggfag, før 31. juli 2024, skal bli meldt til fag- eller sveineprøve etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006. Dei må likevel ikkje bestå ein skriftleg eksamen som er lagd ut frå læreplanen i lærefaget, sjølv om dei ikkje har følgt eit normalt opplæringsløp etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006.

Dei som var deltakarar i forsøk med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne, og som har fått godkjent alle nødvendige modular etter forsøkslæreplanane eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 innan 31. juli 2025, treng ikkje bestå ein skriftleg eksamen før dei tar fag- eller sveineprøva. Dei som skal ta fag- eller sveineprøva i lærefag der det i forsøket var eit krav om kunnskapstest før oppmelding, må bestå ein slik test før dei tar prøva.

Endra ved forskrift 1 nov 2024 nr. 2626.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01