§ 4-5. Lokal forskrift om inntak

Fylkeskommunen skal fastsetje ei lokal forskrift om inntak som skal innehalde reglar om korleis inntaket skal gjennomførast, mellom anna reglar om

  1. kva for inntaksområde som gjeld
  2. korleis fylkeskommunen skal behandle søknader som kjem inn etter søknadsfristane
  3. særskilde inntakskrav for einskilde utdanningsprogram i tråd med § 4-6
  4. korleis inntak til opplæring i fylkeskommunale vidaregåande skolar, som er statleg finansierte og godkjende av departementet (landslinjer) skal gjennomførast
  5. korleis inntak til dei statlege vidaregåande skolane skal gjennomførast.

Den lokale forskrifta kan innehalde utfyllande reglar om inntak av søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1, og som ikkje bur i fylket.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01