§ 6-22. Samansetjing av yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval

Yrkesopplæringsnemndene som er nemnde opp etter opplæringslova § 8-2 første ledd, skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer. Medlemmene skal til saman ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål.

Det skal nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivarorganisasjonane. Kvar organisasjon som er med i SRY, har rett til å vere representert i nemnda. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal. Det skal nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer dei. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om å komme med forslag til nemndmedlemmer.

Yrkesopplæringsnemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Funksjonstida til nemnda er den same som for fylkestinget. Representantane for elevane, lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane blir nemnde opp for to år om gongen.

Yrkesopplæringsnemnda skal nemne opp eit rådgivande yrkesutval for kvart av faga eller fagområda, eller bruke prøvenemnda som yrkesutval.

Kommuneloven § 7-2 tredje ledd gjeld ikkje for oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda.

Endra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01