§ 6-3. Avtale om anna organisering av opplæringa

Fylkeskommunen kan godkjenne kontraktar om læretid i bedrift som vik av frå det fastsette opplæringsløpet, jf. opplæringslova § 5-2 tredje ledd. Den alternative organiseringa kan mellom anna gå ut på at

  1. lærebedrifta tar ansvar for ein større del av opplæringa i faget enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
  2. skolen i samarbeid med lærebedrifta tar ansvar for ein større del av opplæringa enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
  3. opplæringa som elev og læretida i bedrift skjer i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
  4. opplæringa fører fram til både yrkeskompetanse og studiekompetanse
  5. opplæringa fører fram til praksisbrev.

I ein kontrakt om læretid skal det stå kva opplæringsansvar lærebedrifta har. Det skal vere samsvar mellom opplæringsansvaret og den tida lærebedrifta har ansvaret for lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten.

Dersom opplæringa følgjer ordninga i bokstav c, skal organiseringa gå klart fram av kontrakten.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01