§ 7-5. Fristar for søknader om formidling til læreplass

Fristen for å søkje om formidling til læreplass er

  1. 1. februar for lærekandidatar og praksisbrevkandidatar
  2. 1. mars for lærlingar.

Dersom fristen går ut ein laurdag eller søndag, skal søknaden reknast for å vere levert innan fristen om han kjem inn den førstkommande yrkedagen. Søknader som kjem inn etter fristen, skal også takast omsyn til så langt råd er. Dersom ein søknad kjem for seint, skal fylkeskommunen informere søkjaren om det, og om konsekvensane av det, jf. § 7-2.

Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker før fristen. I kunngjeringa skal det stå korleis søknaden skal sendast, og kva for opplysningar og dokument som skal sendast med søknaden.

Når søkjarane tidlegare har fått «ikkje bestått» på fag- eller sveineprøva, eller læreplassar blir formidla i samarbeid med oppfølgingstenesta, jf. opplæringslova § 9-4, gjeld ikkje fristane i denne paragrafen.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01