§ 9-13. Halvårsvurdering i fag

Halvårsvurderinga i fag er ein del av undervegsvurderinga. Ho skal vise kva kompetanse elevane, lærlingane, lærekandidatane og praksisbrevkandidatane har i faga, og gi rettleiing om korleis dei kan betre kompetansen sin. Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringa.

Frå 8. trinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal vere skriftleg og skal vere eit uttrykk for den kompetansen kvar elev har tileigna seg ut frå det som er venta på tidspunktet for vurderinga.

Halvårsvurderinga med og utan karakter skal givast midt i opplæringsperioden. Dersom eit fag ikkje blir avslutta i eit skoleår, skal halvårsvurderinga også givast ved slutten av skoleåret.

Faglærarar skal gjennomføre halvårsvurderinga for elevar. Instruktørar skal gjennomføre halvårsvurderinga for lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01