§ 9-22. Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk i vidaregåande opplæring
Ein elev eller tidlegare elev på studieførebuande utdanningsprogram har rett til fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk dersom eleven oppfyller desse vilkåra:
Eleven har dysleksi eller spesifikke språkvanskar, eller dokumenterte vanskar som ligg nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvanskar når det gjeld konsekvensar for eleven i faget.
Vanskane er av ein slik grad at individuell tilrettelegging ikkje er eller var tilstrekkeleg for å sikre likeverdige opplæringsmoglegheiter.
Dersom eleven har valt å avbryte opplæringa i framandspråk, må eleven i tillegg sannsynleggjere at han eller ho ikkje var i stand til å følgje faget.
Statsforvaltaren avgjer søknader om fritak.
Dersom eksamenskarakteren blir stroken etter § 9-18 tredje ledd, skal statsforvaltaren innvilge dispensasjon frå kravet om talet på eksamenar i § 9-30 og § 9-31.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.