Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar elev eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 9-1. Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise kompetansen sin i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.
I læreplanen i kvart fag er det fastsett om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingsdel på eksamen i faget, og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt.
Om ikkje noko anna er fastsett, gjeld reglane i del V om eksamen også for dei som etter læreplanverket skal ha eksamen som lærling, praksisbrevkandidat, kandidat for fagbrev på jobb eller praksiskandidat.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.