§ 9-35. Eksamen i utlandet for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring

Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring kan søkje Statsforvaltaren i Agder om å få avleggje skriftleg eksamen i utlandet.

Statsforvaltaren i Agder kan innvilge ein slik søknad dersom eleven eller privatisten som søkjer, bur fast i utlandet eller er militært personell stasjonert i utlandet og også desse vilkåra er oppfylte:

  1. Eleven eller privatisten er meld opp til eksamen, og det er nødvendig å gå opp til eksamen i utlandet.
  2. Eksamen kan gjennomførast på same tid som i Noreg.
  3. Eksamensstaden i utlandet er tilfredsstillande og har stadfesta at han kan arrangere eksamen.
  4. Ein skole i Noreg har stadfesta at han kan vere formell arrangør.

Elevar og privatistar som representerer Noreg på høgt nivå på internasjonale arrangement innanfor idrett og annan kultur, kan også få innvilga søknad om å få avleggje skriftleg eksamen i utlandet dersom vilkåra i andre ledd bokstav a–d er oppfylte.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01