Fylkeskommunen har ansvaret for å utarbeide praksisbrevprøver og kompetanseprøver og for at prøvene blir vurderte.
Praksisbrevkandidatar skal prøvast i kompetansemåla som er fastsette i den lokale læreplanen i faget. Lærekandidatar skal prøvast i dei opplæringsmåla som er fastsette for dei, jf. opplæringslova § 7-4 sjette ledd. Innanfor rammene av måla skal prøvene utarbeidast og gjennomførast etter same prinsipp som fag- og sveineprøva.
Karakteren skal vere eit uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i den lokale læreplanen eller måla som er fastsette for kandidaten.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.