§ 2-5. Bruk av falske dokument ved opptak

(1) Bruk av falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument frå falske institusjonar er ved opptak til Fagskulen Vestland forbode, jf. fagskoleloven § 16a første ledd. Søkjarar som handlar i strid med denne føresegna ved opptak til utdanning vil bli meldt til politiet, jf. fagskoleloven § 16a andre ledd.

(2) Ein søkjar som har søkt opptak til Fagskulen Vestland ved bruk av falske vitnemål, falske dokument eller dokument frå falske institusjonar, vil få dokumenta inndratt og får ikkje opptak til utdanning ved fagskulen i inntil eitt år, jf. fagskoleloven § 16a tredje ledd.

(3) Vedtak om inndraging og karantenetid etter denne føresegna blir treft av den lokale klagenemnda ved Fagskulen Vestland med to tredels fleirtal. Klage skal handsamast av Nasjonal klagenemnd for høyere yrkesfaglig utdanning, jf. fagskoleloven § 16a tredje ledd, jf. § 20. Klage blir handsama nærmare i kapittel 5 i studieforskrift for Fagskulen Vestland.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-09-17-2913
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b511f33c9b1b0a1de1ae4875d344512a600081ebdf61187de786be003f39e971
Rendererversjon
8
I kraft
2022-01-01