§ 3-1. Poengutrekning ved rangering av søkjarar

(1)

OmtalePoeng
Det generelle grunnlaget for opptak etter § 2-2 (1)10 poeng
Relevant yrkespraksis i 100 % stilling utover det generelle grunnlaget for opptak, jf. gjeldande studieplan1 poeng per 6 mnd. (inntil 10 poeng)
Fagprøve med «greidd mykje godt»5 poeng
Relevant fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskravet inkl. praksistid5 poeng
Relevant fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskravet med «greidd mykje godt»2 poeng
Gjennomsnittleg karakterpoeng av talkarakterane i alle fagMultipliserast med 10

(2) Ved opptak på visse vilkår etter § 2-3 (1) i denne forskrifta blir søkjaren tildelt rangeringspoeng for å ha oppfylt det generelle grunnlaget for opptak, sjølv om fag- eller sveineprøven endå ikkje er fullført og bestått. Opptak ved ei slik førehandstildeling av rangeringspoeng inneber at eventuelle tilleggspoeng oppnådd etter søknadsfristen 15. april ikkje kan tilleggjast vekt.

(3) Ved opptak på visse vilkår etter § 2-3 (2) i denne forskrifta blir søkjaren poengberekna på bakgrunn av alle tilgjengelege karakterar som søkjaren har oppnådd på tidspunktet for opptak, sjølv om den vidaregåande opplæringa endå ikkje er fullført og bestått. Dette inneber at karakterar oppnådd etter søknadsfristen 15. april ikkje kan tilleggjast vekt.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-09-17-2913
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b511f33c9b1b0a1de1ae4875d344512a600081ebdf61187de786be003f39e971
Rendererversjon
8
I kraft
2022-01-01