§ 7-1. Overgangsreglar om utsett iverksetting mv.

Fram til 1. januar 2028

  1. gjeld ikkje regelen i § 5-4 om rangering ved fleire kvalifiseringsgrunnlag
  2. gjeld heimelen for krav om geografisk tilknyting i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning § 4-11
  3. er den øvre aldersgrensa i kvote for førstegongsvitnemål 21 år og 50 prosent av studieplassane skal tilbydast søkarar i kvoten for førstegongsvitnemål
  4. får søkarar tilleggspoeng etter forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning §§ 7-8 til 7-11
  5. gjeld kvotar for søkarar med samisk språkkompetanse etter § 5-10 for søkarar som enten har samisk som første- eller andrespråk i vidaregåande opplæring, vitnemål frå grunnskule som viser samisk som første- eller andrespråk eller bestått 60 studiepoeng eller semesteremne i samisk som morsmål frå universitet eller høgskule.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-09-11-1850
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d5fadef715e37961be7df1fe33b7bf63ee3717be65e0cfee55e16bb252ece558
Rendererversjon
8
I kraft
2027-01-01